Mona Evjen (fødd 13. februar 1955) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bodø. Evjen var i mange år den beste kvinnelege sprinteren i Noreg, og i tillegg til total dominans på 100 meter og 200 meter, hevda ho seg også godt på 400 meter. Med heile 21 individuelle NM-titlar er ho ein av dei mestvinnande friidrettsutøvarane i Noreg, og ho har nesten like mange stafettgull. Hennar personlege bestetid på 200 meter stod i 2009 framleis som norsk rekord. I tillegg var Evjen med på laga som framleis held noregsrekordane på 100, 200 og 400 meter stafett.
Trass suksessen i Noreg nådde Evjen aldri heilt opp i internasjonal samanheng, og kom aldri lenger enn til ein semifinale i EM i 1982.
Etter at friidrettskarrieren var over busette Mona Evjen seg i Stavanger, og har mellom anna jobba som rådmann i tidlegare Rennesøy kommune.
Personlege rekordar
Kjelder