Mishmar Ayalon (hebraisk skrift מִשְׁמַר אַיָּלוֹן, tyder Ayalon-vakta) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Latrun og Ramla langs den gamle vegen mellom Jerusalem og Tel Aviv, som ligg oppom den bibelske dalen Ayalon (Josva 10:12), som han har namn etter.[1] Staden høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 417.
Hovudnæringa i moshaven er jordbruk, hovudsakleg frukt, grønsaker og meieridrift, som er kjend for ost av høg kvalitet. Kunstnaren Jonathan Kis-Lev var fødd i moshaven og landskapet her er motiv i mange av måleria hans.[2]
↑Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.333, ISBN 965-220-186-3 (English)