Meisterligaen 2005 var den 13. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFAChampions League. Den engelske klubben Liverpool FC vann turneringa den 25. mai 2005 på Atatürk Olimpiyat-stadion i Ankara etter straffesparktevling. Sjølve finalekampen mot italienske AC Milan enda 3-3.
Milan sjokkopna og tok leiinga ved Paolo Maldini før minuttet var gått, og Hernán Crespo la på til 3-0 etter to skåringar i minuttane før pause. I løpet av sju minuttar utlikna Liverpool leiinga ved Steven Gerrard, Vladimír Šmicer og Xabi Alonso, slik at det ved 60 minuuttars spel stod det 3-3. Fleire mål kom ikkje. I straffeskytinga redda Milan-målvakta ei av dei fire Liverpool-straffane, men ettersom berre to av dei fem Milan-eksekutørane fekk ballen i mål, måtte Milan sjå sigeren gleppe.
Det er einaste gongen Liverpool FC har vunne Meisterligaen.