Matrøyret (latinoesophagus, øsofagus) er eit røyrforma samband mellom svelget og magesekken. Hjå menneska er det om lag 25 cm langt, og går ned gjennom brysthola like framom ryggsøyla, gjennom mellomgolvet og munnar ut i magesekken. Musklar i matrøyret pressar maten nedover.