Mario Mutsch (fødd 3. september 1984 i Sankt Vith i Liège-provinsen i det tysk-språklege området i Belgia) er ein belgisk fotballspelar. Han har spela for Metz i fransk 2. divisjon. Han har luxembourgsk far, og spelar for det luxembourgske fotballandslaget.
Klubbkarriere
Mutsch begynte fotballkarrieren for klubbar i lågare divisjonar i Belgia. I 2006 drog han til Tyskland og reservelaget til Alemannia Aachen, men kom aldri på førstelaget der. I 2007 drog han til den sveitsiske toppserieklubben Aarau, der den tidlegare landslagstrenaren til Luxembourg var assistenttrenar. 16. juli 2009 gjekk han gratis til den franske 2. divisjonsklubben Metz.
Landslagskarriere
Mutsch debuterte for Luxembourg sitt A-landslag i oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Russland. Per april 2010 har han eitt landslagsmål for Luxembourg.
Kjelder
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 29. april 2010.