Marie A. Ryssdal (5. januar 1913–28. august 2009) var ein norsk husstellærar, bondekone og forfattar. Ho var fødd i Davik i Bremanger kommune, og busett i Ryssdal i Gloppen kommune.
Saman med mannen, Lars Ryssdal la Marie ned eit stort arbeid i kulturvern. Ho var mellom dei fremste i Sogn og Fjordane i arbeidet med å ta vare på gamle vevtradisjonar og kvinnehusflid, og Lars har samla eit stort tilfang av gamle folketonar.
Ekteparet har fått Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 1996.
Bibliografi
Bøker
- 1979 – Husflid og handarbeid i tida ca. 1850-1940 (Sandane) [Særtrykk av Soga om Gloppen og Breim]
- 199? – Bregding/sprang (Sandane) [Tekst Marie Ryssdal ; foto Ragnar H. Albertsen]
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff