Marcus Frederik Steen Grønvold (5. juli1845–10. oktober1929) var ein norsk kunstnar. Han måla realistiske portrett og landskap.[1]
Grønvold var fødd i Bergen[2] som son av soknepresten Christian August Grønvold (1810–1889). Han var bror av målaren Bernt Grønvold og skulemannen, forfattaren og museumsmannen Didrik Grønvold.[3] Han studerte ved Kunstakademiet i København frå 1866 til 1869 og i München under Karl Piloty frå 1874 til 1877. Grønvold slo seg endeleg ned i München 1881. To av verka hans er i samlinga til det norske Nasjonalgalleriet.[2]
Kjelder
↑Per Jonas Nordhagen. «Marcus Grønvold». Norsk kunstnerleksikon. Henta 15. september 2016.