Marcia Van Dyke (26. mars 1924–11. juli 2002) var ein USA-amerikansk fiolinist og skodespelar.[1] 19. januar 1948 var ho på framsida av magasinet Life magazine.[2]
I 1944 vart Van Dyke med i den første fiolinseksjonen i San Francisco Symphony. Før det var ho førstefiolinist for eit teater i San Francisco. Etter å ha vore avbilda i Life vart Van Dyke tilbode ein filmkontrakt.[3] Ho spelte i filmar som Shadow on the Wall (1950),[4] A Date with Judy (1948), In the Good Old Summertime (1949) ogDeath in a Doll House.[5]
I 1970-åra vende Van Dyke attende til musikken og spelte som studiomusikar, mellom anna for artistar som Carole King, Cleo Laine, George Duke, The Gap Band og Earth, Wind & Fire.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff