Mannheim ligg der elvane Rhinen og Neckar renn i saman, i det nordvestlege hjørnet av Baden-Württemberg. På andre sida av Rhinen ligg byen Ludwigshafen i Rheinland-Pfalz. Grensa til Hessen går nord for byen. Mannheim er den største byen i Rhinen-Neckar-området, eit storbyområde med 2,4 millionar menneske.
Mannheim er ein unik tysk by fordi sentrumsområdet er bygd som eit rutenett, som mange nordamerikanske byar. Hovudvegen gjennom rutenettet går fram til ein enorm plass frå 1700-talet. Det tidlegare setet til kurfyrstane av Pfalz husar i dag Universitetet i Mannheim.
Mannheim sitt bysymbol er Wasserturm (vasstårn), som ligg aust i sentrum av byen.
Historie
Mannheim vart først nemnd i skrivne kjelder frå 766, «Kodeks Laureshamensis» frå klosteret Lorsch, der han er lista som Mannenheim, heimstad til Manno. Han var ein landsby fram til Fredrik IV av Pfalz starta bygginga av festninga Friedrichsburg og bykjernen i rutenett.
Under den andre verdskrigen vart Mannheim kraftig råka av amerikanske og britiske bombefly. Byen vart okkupert av den amerikanske hæren 29. mars1945, og det amerikanske militæret har sidan den gong hatt militære installasjonar her.
I 2007 feira byen 400-årsjubileum, sjølv om det var i 1606 at Fredrik IV la grunnlaget for festninga i Mannheim.