Mannen med ljåen er eit symbol på og ein personifikasjon av døden i europeisk og amerikanske kulturhistorie og moderne populærkultur. Skikkelsen blir gjerne framstilt som eit uhyggeleg, menneskjeskjelett i kappe med ein ljå. Ljåen skal vera eit symbol på at døden haustar inn liv og sjeler slik som ein bonde skjærer gras og korn utan å spare nokon. Skikkelsen kan òg bli skildra som ein dødsengel med store, fjørkledde venger.
Døden er ein karakter i båe Marvel Comics og DC Comics. Når det gjeld dataspel er døden tilstede som karakter i dei fleste Castlevania-spel, og ein kan spela døden som hovudkarakter i Darksiders 2 frå 2012. I The Sims-serien kan ein snakka og ha samhandling med mannen med ljåen når han kjem for å ta med seg avdøde sims-karakterar.
Handlinga i Harry Potter og dødstalismanene frå 2007, den siste boka i J.K. Rowling sin Harry Potter-serie, har handling rundt eit eventyr med namn «Historia om dei tre brørne», der døden møter tre trollmannsbrør og gir dei ein gåve kvar, i håp om å gjere krav på dei.