Ma'ayan Tzvi (hebraisk skrift מַעְיַן צְבִי, tyder 'Zvikjelda') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 462.
Kibbutzen vart grunnlagd den 30. august 1938 som ei tårn og palisade-busetjing. Grunnleggjarane var emigrantar frå Austerrike, Tsjekkoslovakia og Tyskland. Han vart kalla opp etter Henry Zvi Frank, ein sionistaktivist og leiar for Jewish Colonization Association, som kjøpte landområdet kibbutzen vart bygd på.
Kjelder