MS «Sleipner», i dag «Speed Cat 1», er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand i mai 1989 til Flaggruten ved Det Stavangerske Dampskibsselskab. Som ein del av Flaggruten gjekk båten i rute mellom Stavanger og Bergen. I 1993 vart Flaggruten eit heileigd dotterselskap under Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
I mars 1997 vart båten selt til Hansatee Ltd. (AS Hansatee) i Tallinn i Estland, og han gjekk i rute mellom Tallinn og Helsingfors i Finland. Han hadde då namnet «Tallink Express I».
I august 2001 vart heimehamna endra til Limassol på Kypros, og seinare på året, 6. november 2002, vart båten seld til A.N.E.S. High Speed (Malta) Ltd. (Anonymus Naftiliaki Eteria Symis, Simi, Hellas) i Valletta på Malta og fekk namnet «Panormitis». I 2008 vart båten først seld til ukjende eigarar på Rhodos og omdøypt «Speed Cat 1»., før han vart seld til Greece Speed Cat den 29. juni 2009.
I 2011 er båten framleis i fart.
Kjelder
Bakgrunnsstoff