MF «Eidfjord», i dag MF «Utstein», er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund i juni 1975 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
I mars 1987 vart ferja seld til Det Stavangerske Dampskibsselskab og fekk namnet MF «Utstein». Ferja vart overført til Rogaland Trafikkselskap i november 1991, til Stavangerske AS i januar 2003 og til Tide Sjø 1. januar 2008. I 2011 er ferja framleis i fart.
Kjelder
Bakgrunnsstoff