Móvri (gresk Μόβρη) er ei fjellkjede vest i periferieininga Akhaía i Hellas. Ho ligg om lag 30 km sørvest for Pátra, vest for Khalandrítsa, nordaust for Amaliáda og Pýrgos, søraust for Det joniske havet og sør for Pátrabukta. Fjellkjeda har fleire fjelltoppar og den høgaste er om lag 660 meter høg.
Frå toppen kan ein mellom anna sjå Panakhaikó, sørlege delar av Etoloakarnanía, den austlege halvdelen av Dei joniske øyane, inkludert Zákynthos og Énos på Kefaloniá.
Elva Lárissos renn vest for fjellet og har sitt utspring i sør.
Nærliggande stader
Kjelde