Pátrabukta frå rommet, mars 1994 Pátrabukta
Pátrabukta (gresk Πατραϊκός Κόλπος, Patraikós Kólpos ) er ei bukt i Det joniske havet i Hellas . I aust ligg Ríosundet mellom nesa Río og Andírio med Korintbukta på andre sida. Río-Andírio-brua går over dette sundet. I nord ligg periferieininga Etoloakarnanía ut mot bukta, medan Akhaía ligg i sør. I vest endar bukta ved ei linje frå øya Oxía til Kapp Áraxos . Ho er 40–50 km lang og 10-20 km brei med eit areal på 350–400 km².
Hamnebyen Pátra ligg i søraust og er den einaste større hamna i bukta. Frå her går det ferjer til Ancona og Brindisi i Italia i tillegg til Kefaloniá . Mesolóngi har òg ei hamn. Det ligg strender i sør, i aust og enkelte stader i nord. Dei gamle hamnene i Río og Andírio ligg aust i bukta. Det er mykje fisk i Pátrabukta.
Tre slag kalla slaga ved Lepanto vart utkjempa i denne bukta i 1499 , 1500 og 1571 , sjølv om Lepanto (i dag Návpaktos) er ein del av Korintbukta.
Skipet Vivi trefte ei sjømine og sokk på 30 meters djup den 11. september 1940 .
Stader langs bukta
Río aust, strender
Pátra aust, hamn and strender
Paralía , søraust
Roítika , søraust
Monodéndri , søraust
Tsoukouléika , søraust
Alissós , sør, strand
Alykés , nord for Káto Akhaía , sør
Ionikí Aktí , sør
Kapp Áraxos , sørvest
Mesolóngilagunen , nordvest
Mesolóngi , nord
Andírio , nordaust, hamn
Elvar
Bakgrunnsstoff
Kjelde