Louisville er ein by i delstaten Kentucky i USA. Med sine 610 000 ibuarar er byen den mest folkerike i delstaten. Heile byregionen har over 1,2 millionar ibuarar. Byen er administrasjonssenter for Jefferson County. Louisville ligg nord i delstaten.
Louisville består av den moderne og typiske nordamerikanske midtbyen, samt fleire bydelar med gamle bygningar frå viktoriatida. Ingen annan by utanfor England har like mange bustadhus i same stilen.
Byen vart grunnlagd i 1778 og er den eldste i USA vest for Appalachane. Han er oppkalla etter den franske kongen Ludvig XVI.
Kjelder
Bakgrunnsstoff