Lough Gill (Loch Gile på irsk) er ein innsjø (på engelsk lough) i County Sligo i Republikken Irland. Han er om lag 8 km lang og 2 km brei og renn ut i elva Garavogue nær Sligo by. Den vakre innsjøen er omringa av skogkledde åsar som er populære hos fuglekikkarar. Ovanfor innsjøen ligg ein forskansa herregard, Parke's Castle. Den noverande borga vart bygd på 1600-talet av Captain Robert Parke der den tidlegare borga til O'Rourke-klanen (Uí Ruairc) låg. Uí Ruairc styrte området frå om lag 600-talet (dei var etterkomarar av Sean Ferghal O Ruairc, konge av Connacht rundt 952) fram til Oliver Cromwell si tid.
Innsjøen inneheld om lag 20 småøyar, inkludert den romantiske Innisfree, som er gjort kjend i diktet av «The Lake Isle of Innisfree» av William Butler Yeats.
Hazelwood er eit område nordaust for innsjøen.
St. Angela's College i Sligo ligg nær innsjøen.
Galleri
Sjå òg
Kjelder