Loránd Eötvös [ˈloraːnd ˈøtvøʃ], òg kjend som (baron) Roland (von) Eötvös, (27. juli 1848–8. april 1919) var ein ungarsk fysikar og fjellklatrar som spelte ei viktig rolle i det intellektuelle og politiske livet i Ungarn på 1800-talet.
Virke
I dag er Eötvös mest kjend for arbeid innan overflatespenninga til væsker og gravitasjon, spesielt det svake ekvivalensprinsippet, som fekk tyding for relativitetsteorien, og dessutan tidevannskreftene på overflata til jorda.
Som ungarsk kultur- og undervisningsminister reformerte Loránd Eötvös det høgare skulevesenet i landet og gav matematikkundervisninga ein viktig posisjon. Denne innverknaden varar framleis ved, idet ungarske gymnasiastar hyppig vinn konkurransar som den internasjonale matematikkolympiaden.
Frå 1886 til han døydde underviste Loránd Eötvös ved Universitetet i Budapest.
Eötvös var òg ein kjend fjellklatrar med fleire førsteklatringar i Dolomittane, oftast gjennomført saman med fjellføraren Michael Innerkofler, til dømes Sextener Rotwand 1878.[1][2] Han var dessuten mangeårig president i den ungarske turistsamskipnaden.[3]
Ettermæle
- Oppkalla etter Loránd Eötvös
- Æresprisar
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff