Operasjonen er ei form for psykokirurgi som blei brukt i samband med psykiske lidingar, tvangsnevrosar og uuthaldelege smerter. Metoden var mykje brukt på 1940- og 1950-talet, men hadde særs negative effektar for personlegdom og kjensleliv, og blei etterkvart fasa ut til fordel for andre behandlingar.
I dag blir det nokre stader laga avgrensa lesjonar i visse hjerneområde i nokre få tilhøve om behandling med medikament ikkje fører fram.[1]
Det var overlegen ved Gaustad sjukehus som fyrst innførte lobotomi i Norden, i november 1941.[3]
På denne tida var ikkje nevroleptika i vanleg bruk, og mange psykiatarar meinte at inngrepet hadde positive verknadar. Ein del av dei tok likevel avstand frå inngrepet.[1]
«Den skandinaviske psykiatrikongressen i København i 1946 åpenbarte hvilken ansvarsløshet og uhyggelige sjansespill lobotomi var. Der ble det redegjort for følelsesmessig avstumpning, tap av evne til å drømme, sette seg fjerne mål, fantasere, planlegge,» skreiv psykolog Joar Tranøy og styreleiaren i Informasjonssenteret Hieronimus, Arve Kirkevik i 2018.[3]
Kjelder
↑ 1,01,11,21,3«lobotomi». Store medisinske leksikon. 20. februar 2018. Henta 13. mai 2018.