Lisbeth Pedersen (fødd 20. november 1975) er ein norsk tidlegare mellomdistanseløpar som var medlem i Bodø FIK til 2000, frå 2001 IK Tjalve. Ho vart noregsmeister på 800 meter og 1500 meter i 2002 og på 800 m i 2009.
Aktiv
Perioden 2001-04 var Pedersen ei av dei beste norske kvinnene på mellomdistansane. Ho sette i 2001 personbeste med 2.05,42 på 800 m og 4.18,5 på 1500 m, i noregsmeisterskapen kneip ho sølvet på 800 m bak suverene Kristin Roset. Året etter forbetra Pedersen seg til 2.03,58, årsbeste av ei norsk kvinne, og 4.14,3, tida på 800 m ho presterte i Stockholm 17. juli 2002 vart ståande som hennar livsbeste. I NM 2002 vann ho gullmedaljen på så vel 800 meter som 1500 meter og vart tildelt kongepokalen for 800-meterløpet. 7. juni 2003 i Heverlee sprang Pedersen inn til 4.13,3 og livsbeste på 1500 m. Ein 800-meter på 2.04,25 var norsk årsbeste.
Etter 2004 høyrde ho ikkje lenger til noregseliten, men lukkast likevel vinne NM-gull på 800 m i 2009.
Medaljar i noregsmeisterskap
Personlege rekordar og årsbeste
År |
2000 |
2001 |
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
2006 |
2007 |
2008 |
2009
|
Tid |
2.07,06 |
2.05,42 |
2.03,58 å |
2.04,25 å |
2.06,23 |
2.08,52 |
- |
2.11,19 |
2.09,60 |
2.07,52
|
Tid |
4.24,6 |
4.18,5 |
4.14,3 |
4.13,3 |
4.18,3 |
4.21,2 |
- |
- |
4.29,9 |
4.19,8
|
Kjelder