Limpet Island er den sørlegaste av Leonie Islands, som ligg i innløpet til Ryder Bay, like utanfor søraustkysten av Adelaide Island. Leonie Islands vart oppdaga og først grovt landmålt i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot. Limpet Island vart kartlagd i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og ho fekk dette namnet av dei på grunn av dei mange albogeskjela ein fann der (limpet engelsk for albogeskjel)
Sjå òg
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Limpet Island» (innhald frå Geographic Names Information System).