Lidl Stiftung & Co KG er ein tysk lågpriskjede med om lag 5000 butikkar. Lidl blei grunnlagt som Lidl & Schwarz Lebensmittel-Sortimentsgroßhandlung på 30-talet. Dei første filialane opna i Ludwigshafen tidleg på 70-talet. I 2004 opna dei første Lidl-butikkane i Noreg.
Butikkane vert oftast lagt utanfor bysentrumet i bygningar som er særskilt oppførte for Lidl, alle med lik utforming. Lidl lohnt sich (Lidl løner seg) er føretaket sitt motto. Lidl har som policy å ikkje uttale seg i massemedia.
Lidl etablerte seg i Noreg med ein målsetnad om å etablera 100 nye butikkar. Etter om lag 4 år avslutta dei drifta og butikkane vart overtekne av Rema 1000.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.