Lesjaverk kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1964 i Lesja kommune i Innlandet fylke. Den fyrste kyrkja på staden kom i 1695. Denne kyrkja vart flytta og gjenoppført som Lesjaskog kyrkje i 1855. Kyrkjegarden forfall så nokre år før han vart innvigd på nytt i 1941. Dagens kyrkje vart oppført i 1962–64 og innvigd 19. juli 1964. Mykje av inventaret er skore av den lokale treskjeraren Otto Sveen.
Bakgrunnsstoff
Østerås, Otto (1983). «Lesjaverk kirke — en historisk oversikt». Årsskrift for Lesja Historielag: 38-52.
Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 607. ISBN82-7527-022-7.