Leonid Makarovytsj Kravtsjuk (10. januar 1934–10. mai 2022) var ein ukrainsk økonom og politikar som frå 5. desember 1991 til 19. juli 1994 var den fyrste presidenten i Ukraina etter at landet erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen.
Kravtsjuk var formann i Ukrainas øvste sovjet då det i 1990, med 354 røyster mot 4, vedtok nasjonal suverenitet. Ei folkerøysting 1. desember 1991 gav 92 % tilslutning lausriving frå Sovjetunionen. Kravtsjuk vart samstundes vald til president, med over 61 % av røystene bak seg. Den 8. desember 1991 samla dei nasjonale leiarane i Kviterussland, Russland og Ukraina seg i Minsk og signerte Minsk-avtalen, noko som førte til at Sovjetunionen vart oppløyst to veker seinare. Kravtsjuk signerte for Ukraina, Boris Jeltsin for Russland og Stanislav Sjuskevitsj for Kviterussland.
Ved presidentvalet sommaren 1994 fekk Kravtsjuk 47 % av røystene, utfordraren Leonid Kutsjma vann med 52 % oppslutning. Frå 1994 til 2006 var Kravtsjuk medlem i Verkhovna Rada (landstinget), siste åtte åra som representant for Sosialdemokratane (SDPU).
Kjelder