Latin-Amerikagruppene i Noreg (LAG) er ein norsk organisasjon som driv med solidaritet med Latin-Amerika. Landsorganisasjonen vart stifta i 1977, og har i dag lokallag i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand. Han er partipolitisk uavhengig, og arbeider for demokratisering, fred, menneskerettar og alternativ til ny-liberalismen. Tore Isungset Støve er leiar, og Heidi Lundeberg er dagleg leiar.
Latin-Amerikagruppene gjev ut magasinet 'Lati-Amerika, og er med-eigar i Verdensmagasinet X.
Brigadar
Sidan 1980 har Latin-Amerikagruppene sendt grupper med friviljuge solidaritetsarbeidarar,, kalla brigadar til land i Latin-Amerika, fyrst for å hjelpa landa med arbeidskraft, men etter 1997 for å driva informasjonsarbeid i Noreg. Fram til 1988 var brigadane i direkte samarbeid med Sandinist-regjeringa i Nicaragua, medan dei var i samarbeid med bondeorganisasjonen UNAG fram til 1995.
Sidan 1997 har gruppene samarbeidd med ulike friviljuge organisasjonar på kontinentet.
Bakgrunnsstoff