Kontinent (frå latinterra continens, 'samanhengjande land') er ei nemning på eit stort, samanhengjande landområde. Dei byggjer meir på fysiske geografiske skilje enn verdsdelar, som har meir kulturell og historisk bakgrunn.
Det finst ulike måtar å dela jorda inn i kontinent på. Ei vanleg inndeling er Afrika, Eurasia, Amerika, Antarktika og Australia.[1]
Ein kan definera mindre kontinent, som Amerika delt inn i Nord- og Sør-Amerika, eller større, som Afrika-Eurasia, der den samanhengjande landmassen til Afrika og Eurasia blir kombinert til eitt kontinent.