Lars Edvard Phragmén (fødd 2. september 1863 i Örebro, død 13. mars 1937) var ein svensk matematikar.
Han var professor ved Stockholms Högskola frå 1892 til 1904. I 1903 vart han sjef for den svenske forsikringsinspeksjonen, som han var fram til 1909, før han vart direktør for Allmänna Livsförsäkringsbolaget frå 1908 til 1933. Han arbeidde med funksjonsteori og er særleg kjend for Phragmén–Lindelöfske-satsen. Seinare arbeidde han særleg med forsikringsmatematikk.
Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abel-minnefesten i 1929.
Kjelder
«Lars_Edvard_Phragmén» i Store norske leksikon, snl.no.