Landrethbreen (bulgarsk ледник Ландрет, Lednik Landreth) er ein bratt, 2,3 km lang og 600 m brei isbre ved søraustsida av Imeon Range på Smith Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis, som flyt søraustover frå Mount Foster mellom sideryggane som skil han frå Rupitebreen i nord og Dragomanbreen i sør, og flyt ut i Ivan Asen Cove på Bransfieldsundet.
Isbreen er kalla opp etter newzealandaren Greg Landreth som i lag med eit team klatra toppen av øya, Mount Foster (2105 moh) som førstemenn, dei 29. januar 1996.