Landau an der Isar (offisielt òg kalla Launda a.d.Isar) er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg i landkreisen Dingolfing-Landau ved elva Isar.
Historie
Landau vart grunnlagd i 1224 av Wittelsbach-hertugen Ludwig av Kelheim. Byen hadde vore ein Pflegamt i mange år og høyrte til Landshut Rentamt i kurfyrstedømet Bayern.
Fram til kommunereforma i Bayern og Tyskland i 1972 var Landau kreisstadt eller administrasjonssete i ein eigen landkreis. Under reforma vart dei tidlegare landsbyane Frammering, Mettenhausen, Reichersdorf og Zeholfing, i tillegg til delar av Kammern og Ganacker, slått saman med Landau. I 1978 vart òg landsbyane Nieder- og Oberhöcking innlemma.
Kjelder
Bakgrunnsstoff