Lade kyrkje er ei langkyrkje på Lade i Trondheim. Kyrkja er av stein og har 140 sitjeplassar.[1]
Dagens kyrkje er frå noko før år 1200.[2] Før dette har det vore minst ei steinkyrkje og ei stavkyrkje på staden. Ein trur òg at kyrkja står i nærleiken av den gamle hovplassen på Lade. Mot slutten av 1600-talet vart mykje av murane teke ned og sett opp att,[3] og årstalet 1694 er å sjå på sørmuren.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Fotnotar
- ↑ Lade kyrkjelyd, arkivert frå originalen 14. september 2017, henta 14. september 2017
- ↑ Ifølgje Brendalsmo (2015) var ho ferdig bygd omkring 1160, medan Lademoen historielag seier ca. 1190.
- ↑ Brendalsmo (2015) m.fl.
Kjelder
Bakgrunnsstoff