Dei kusjittiske språka utgjer ei grein av dei afroasiatiske språka og blir snakka på Afrikas horn . Dei mest kjende kusjittiske språka er oromo (med 26 mill. talarar[ 1] ) og somali (med 16 mill. talarar[ 2] ).
Språkfamilien har fått namn etter den bibelske figuren Kusj etter modell frå semittiske språk .
Inndeling
Dei kusjittiske språka kan grupperast på denne måten:
Sentralkusjittisk
Austsentralkusjittisk
Nordsentralkusjittisk
Sørsentralkusjittisk
Vestsentralkusjittisk
Austkusjittisk (34 språk)
Nordkusjittisk
Sørkusjittisk
Tradisjonelt rekna ein også omotiske språk som kusjittiske, men desse er gruppert som ein eigen familie i nyare språkforsking.
Referansar
↑ Ethnologue om Oromo http://www.ethnologue.com/language/gaz
↑ Ethnologue om Somali http://www.ethnologue.com/language/som
Sentralkusjittisk Vestkusjittisk Nordkusjittisk Austkusjittisk Sørkusjittisk