Khuriya Muriya-øyane eller Kuria Muria (arabisk جزر خوريا موريا, Juzur Khurīyā Murīyā eller Khūryān Mūryān) er ei gruppe på fem øyar i Arabiahavet, 40 km utafor søraustkysten av sultanatet Oman. Øya er ein del av provinsen Shalim- og Hallaniyatøyane i guvernementet Dhofar.
Historie
I oldtida vart øyane kalla Zenobii eller Zenobiouøyane. Øyane er nemnt av fleire tidlege geografar som Ptolemaios (vi. 7. § 47) som talte sju små øyar i Khuriya Muriya-bukta (Σαχαλίτης κόλπος; Sinus Sachalites), mot innløpet til «Persiabukta» (mest truleg dagens Adenbukta).[1]
I 1854 avstod sultanen av Muscat (seinare Muscat og Oman og i dag Oman) øyane til britane og i 1868 vart dei lagt til protektoratet Aden (i dagens Jemen). Øyane høyrte til britane fram til 1967 og vart styrte av den britiske guvernøren i Aden fram til 1953, så av den britiske høgkommisæren fram til 1963, og til slutt av den britiske residenten i Persiabukta (heldt til i Bahrain). Den 30. november 1967 annonserte Lord Caradon, den britiske ambassadøren til Dei sameinte nasjonane at øyane, i tråd med ønske til dei lokale innbyggjarne, skulle returnerast til Muscat og Oman, trass i kritikk frå president Qahtan Muhammed al-Shaabi som meinte øyane måtte overførast til Folkerepulikken Sør-Jemen.[2]
Øyar
Øy
|
arabisk
|
Transliterasjon
|
Al-Hasikiyah
|
جزيرة الحاسكية
|
Ǧazīrat al-Ḥāsikiyya
|
Al-Sawda
|
الجزيرة السوداء
|
al-Ǧazīra al-sawdāʾ
|
Al-Hallaniyah
|
جزيرة الحلانية
|
Ǧazīrat al-Ḥallāniyya
|
Qarzawit
|
جرزعوت
|
Ǧazīrat Ǧarzaʿūt
|
Al-Qibliyah
|
الجزيرة القبلية
|
Ǧazīra al-qibliyya
|
Khuriya Muriya-øyane
|
جزر خوريا موريا
|
Ǧuzur Ḥūriyā Mūriyā
|
Sjå òg
Kjelder
- ↑ Cf. Arrian Per. M. Eryth. s. 19.
- ↑ The Times, December 1, 1967
Bakgrunnsstoff