Krokskogen eller Krokskauen er eit skogområde som er delt mellom kommunane Hole, Bærum, Ringerike og Oslo. Krokskogen omfattar området som i aust er avgrensa av Langlielva og vatnet Spålen, i nord av fylkesgrensa mellom Oppland og Buskerud, i vest Ringeriksbygdene og Tyrifjorden, E16 i sørvest og Bærumsbygdene i sør. Grensene mellom Bærumsmarka og Krokskogen følgjer bekken Fløyta slik at garden Kampen ligg på Krokskogen medan serveringsstaden Vensåssetra ligg i Bærumsmarka.
I tidlegpermtida sprakk jordskorpa opp og lava strøymde ut over området. Krokskogen er bygd opp av lava frå minst 13 vulkanutbrot. Krokskogen-Kolsås-Nittedal lavaprovins vart danna i riftstadie seks. Dette utgjorde slutten på riftstadiet som starta i sør og enda lengst mot nord. Den innleiande riftinga kulminerte med straumar av rombeporfyrlava som dekte to tredjedeler av Oslofeltet. Krokskogstupet er bygt opp av rombeporfyr.
Historie
27. juni 2017 stogga Naturvernforbundet i Oslo og Akershus bygginga av ein snaut to kilometer lang skogsbilveg i Sørkedalen og Lommedalen;[1]"Daglig aksjoneres det nå mot byggingen", skreiv media 5. juli 2017.[2]