Bærumsmarka er eit område som er avgrensa av det tettbygde området i Bærum i sør, Sørkedalen i aust, Lommedalen i vest og Krokskogen i nord.
Bærumsmarka blir rekna som ein del av Oslomarka. Geologisk høyrer området til Oslofeltet, og Bærumsmarka fell omtrent saman med Bærumskalderaen.
I 1985 vart foreininga Bærumsmarkas Venner[1] skipa. Foreininga arbeider for å ta vare på Bærumsmarka og hindre framtidig utbygging og for å fremme bruken av Bærumsmarka.