- Krka er òg namnet på fleire elvar i Søraust-Europa. Sjå fleirtydingsside.
Krka er ei elv i Dalmatia i Kroatia med ei lengd på om lag 73 km, vidkjend for sine mange fossefall. Ho har sitt utspring nær grensa til Bosnia-Hercegovina ved foten av fjellet Dinara. Ho renn forbi Knin i indre Dalmatia mot sør, og renn ut i Prokljanskosjøen nær Skradin. Dei mest kjende plassane ved elva er øya Visovac og Krka kloster.
Før ho munnar ut i Adriahavet dannar elva det vakre fossefallet Skradinski Buk, som er ein del av Krka nasjonalpark.
Sjå òg