Hadley er eit 120 kilometer breitt nedslagskrater på Mars.[1] Det inneheld sjølv fleire nedslagskrater, og det djupaste punktet i eit av desse når 2600 meter under yta kring Hadley.[1] Krateret er namnsett etter den britiske sakføraren og meteorologen George Hadley.[1]
To nedslagskrater i Hadley har spor etter flyktige stoff, mogelegvis vatn.[1]