Kongsberg stasjon er ein jarnbanestasjon i Kongsberg sentrum, 99,37 kilometer frå Oslo. Stasjonen ligg 161,9 moh.
Kongsberg ligg på Sørlandsbanen og er endestasjon for lokaltog Kongsberg-Eidsvoll.[1]
Den opphavelege stasjonen vart opna i 1871 da sidelinja til Randsfjordbanen Hokksund–Kongsberg stod ferdig.[1]
Ny stasjon med noverande plassering vart bygt etter teikningar av Gudmund Hoel og Niels Winge Grimnes og teken i bruk i 1917 i samband med bygginga av Sørlandsbanen.[1]
Stasjonen og bygningane på området vart freda av Riksantikvaren i 1997.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff