Kokong er eit nøste av tråd som ein insektlarve vever til puppestadiet sitt.[1] Edderkoppar kan laga kokongar til egga sine.[2]
For mennesket har silkeormen sine kokongar vore særleg viktige, ettersom ein vinn ut silketråd frå desse. Ein silkekokong består av ein einaste samanhengande tråd av råsilke som er mellom 300 og 900 meter lang.