Slektsnamnet Mniotilta kjem frå gammalgreskmnion, som tyder «tang», og tillo, «å plukke». Namngjevaren Vieillot omsette det første ordet feil, trudde mnion tydde «mose». Artsnamnet varia er frå latinskvarius, som tyder «har markeringar i ulike farger».[1]
Denne arten er ikkje så vel studert som mange andre i parulafamilien.[2]
Skildring
Klatreparula er 11 til 13 centimeter i kroppslengd med en masse på 8 til 15 gram.[2]
I samsvar med det engelske namnet har dei svart og kvit fjørdrakt. Begge kjønna har svarte og kvite kroner med eit breitt, kvitt augebryn, svarte striper ned mot ein kvit buk, svarte venger med to kvite vengband, ein svart hale, ein svart-kvit stripa rygg, grå-svarte bein og føter. Hannar i hekkedrakt har ein svart-kvit stripa hals og svart kinn, medan hoene har meir grått i kinn og kvitkremfarga hals og sider. Hofuglar og unge fuglar liknar, men med litt meir avdempa kontrastar i stripene enn hannar.
Denne songaren kan forvekslast med svarthetteparula (Setophaga striata) som òg har svart og kvitt i sommarfjørdrakta, men har ei solid svart hette, kvite kinn og oransje bein.[3]
Taksonomi
Linné skildra klatreparula (Mniotilta varia) i 1766. I systematikken er arten einsleg i slekta Mniotilta og har ingen underartar.
Han er kjent for å hybridisere med asurparula (Setophaga cerulea) og hemlokkparula (Setophaga fusca). Klatreparula blir trudd å vere nærskyld til slekta Setophaga.[4]
Habitat og distribusjon
Han lever vanlegvis i lauvskog i hekkeområdet, men blir meir ein habitatgeneralist i overvintringsområdet.[2]
Føretrekte skogtypar til hekking inkluderer lauvskog og blandeskog, og nokon gonger våtare område med sumpskog.
Overvintringshabitatet kan variere frå mangrovar til våt, tørr og tåkeskog. [2] Dei førekjem òg i kaffiplantasjar og hagar med skugge.[5]
Hannane er territoriale både i sommar- og vinterhabitat.
Utbreiing
Klatreparula hekkar i nordlege til austlege Nord-Amerika. Det spenner frå sørlege Nordvestterritoria og nordlege Alberta i vest, austover gjennom Canada til øya Labador, i dei austlege statane nord for Florida i USA og inn i nordaustre Texas. Overvintringa skjer i Florida, Mexico, Mellom-Amerika, Karibia og i dei søramerikanske landa Venezuela, Colombia og ned til nordlege Peru.[2]IUCN anslår omfanget av utbreiingsarealet til 11 500 tusen km2.[3]
IUCN klassifiserer klatreparula som livskraftig (LC) på grunn av utbreiingsområde og populasjonsstorleik. Likevel er bestanden avtakande.[8] Tap av habitat og degradering, spesielt skogfragmentering, er dei viktigaste faktorane som medverkar til tilbakegangen.[2]
Levevis
Denne fuglen lever av insekt og andre leddyr, inkludert lepidopteranlarver, biller, maur og vevkjerringar. I motsetnad til andre songarar, beitar han liknande ei spettmeis eller ein trekrypar, han kryper opp og ned langs trestammar og greiner. Her søkjer han føda under eller i borken. Korte bein og lang baktå er tilpassingar til denne beitesmetoden. [2] Under trekket vil klatreparulaer nokon gonger delta i fleirartsflokkar.
Songen er rytmisk med høgfrekvente gjentakande wi-si wi-si wi-si wi-si wi-si eller skviky, skviky, skviky. Han har òg rop med varierande læte.[2]
Klatreparula er ein av dei første songarane som kjem hekkeområda. Egglegging kan ta til i midten av april lengst sør og i mai og tidleg juni lengre nord. Hannane er territoriale og forsvarar territoriet sitt, både ved å synge, jage konkurrentar bort og lokke ein hofugl.[2]
Reiret blir lagt på bakken og dei legg 4–5 egg. Rugeperioden varer 10 til 12 dagar, og berre hofuglar gjer ruginga. I denne perioden kan hannar mate hoa. Begge foreldra tar omsut for ungane. Ungen forlèt reiret etter 8 til 12 dagar, og held seg rundt reiret medan dei forbetrar flygeevna. I denne tida blir foreldra verande i nærleiken.[2]
Reira blir ofte besøkt av brunhovudtrupial som er ein kjent reirparasitt på mellom anna klatreparula.[2]
↑ 4,04,1Dunn, Jon; Garrett, Kimball (1997). A field guide to warblers of North America. National Audubon Society, National Wildlife Federation, Roger Tory Peterson Institute. Boston: Houghton Mifflin Co. s. 411–418. ISBN978-0395783214. OCLC36549138.
↑Sherry, Thomas W.; Johnson, Matthew D.; Williams, Kelly A.; Kaban, Jordana D.; McAvoy, Caroline K.; Hallauer, Amanda M.; Rainey, Shannon; Xu, Sen (2016). «Dietary opportunism, resource partitioning, and consumption of coffee berry borers by five species of migratory wood warblers (Parulidae) wintering in Jamaican shade coffee plantations». Journal of Field Ornithology (på engelsk) 87 (3): 273–292. ISSN1557-9263. doi:10.1111/jofo.12160.