Kirsty Anna MacColl (10. oktober 1959–18. desember 2000) var ein britisk songar og låtskrivar. Ho spelte inn fleire pophittar i 1980- og 1990-åra, som «There's a Guy Works Down the Chip Shop Swears He's Elvis» og coverversjonar av Billy Bragg sin «A New England» og The Kinks sin «Days». Songen hennar «They Don't Know» vart spelt av Tracey Ullman med stor suksess. MacColl song òg ofte på innspelingar produsert av den dåverande ektemannen Steve Lillywhite, mellom anna den kjende «Fairytale of New York» av The Pogues.
MacColl døydde på ferie i Cozumel i Mexico, då ho berga sonen Jamie (då 15) frå å bli råka av ein båt som kom i stor fart. Ho vart derimot sjølv råka og omkom momentant.[1]
Diskografi
Album
Singlar
Kjelder
Bakgrunnsstoff