Khabur (arabisk الخابور al-khābūr, hebraisk כבר Kebar, kurdisk Xabûr, gammalsyrisk ܚܒܘܪ ḥābur/khābur, tyrkiskHabur) er den største sideelva til Eufrat i Syria. Sjølv om Khabur spring ut i Tyrkia, er den karstiske kjelda kring Ra's al-'Ayn hovudvasskjelda for elva. Fleire viktige periodiske elvar møter Khabur nord for Al-Hasakah, og dannar i lag det som vert kalla Khaburtriangelet eller Øvre Khabur. Frå nord til sør minkar den årlege nedbørsmengda i Khabur-området frå over 400 mm i året til mindre enn 200 mm, så elva har vore ei viktig vasskjelde for jordbruket i området gjennom historia. Khabur møter Eufrat nær byen Busayrah.
Sideelvar
Sideelvane til Khabur er lista frå aust til vest. Dei fleste av desse er periodiske elvar, wadi, som berre fører vatn i delar av året.
Khabur er åstad for fleire viktige soger i boka til Esekiel i Det gamle testamentet, som i opningsverset: «Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud».[bibelen 1]
Andre referansar til elva i Esekiel er 1:3; 3:15; 3:23; 10:15; 10:20; 10:22; og 43:3.
Ho er òg nemnd i Første Krønikebok 5:26: «Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.»[bibelen 2]
Sidan 1930-åra er det gjort mange arkeologiske utgravingar og undersøkingar i Kahburdalen og dei indikerer at det har budd folk her sidan eldre steinalder.[3] Viktige stader som er utgrave er mellom andre Tell Halaf, Tell Brak, Tell Leilan, Tell Mashnaqa, Tell Mozan og Tell Barri. Regionen har gjeve namn til eit særeige målt steintøy funne i Nord-Mesopotamia og Syria tidleg på 1000-talet fvt. Regionen kring Khabur-elva er òg tilknytt starten på kongedømet Mitanni som blømde ca. 1500-1300 fvt.
Khaburdalen i dag
Khabur-prosjektet, som starta i 1960-åra, har omfatta bygginga av ei rekkje demningar og kanalar. Tre demningar er bygde i Khaburvassddraget for kunstig vatning. Dette omfattar òg Tabqademninga i Eufrat.
↑Hole F, Zaitchik, BF (2007). «Policies, plans, practice, and prospects: irrigation i northeastern Syria». Land Degradation & Development18 (2): 133–152. doi:10.1002/ldr.772. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Burdon, DJ, Safadi, C (1963). «Ras-el-Ain: the great karstic spring of Mesopotamia. An hydrogeological study». Journal of Hydrology1: 58–95. doi:10.1016/0022-1694(63)90033-7. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)