Kathy Kirby (20. oktober 1938–19. mai 2011) var ein engelsk songar. Det vert sagt at ho var den best betale kvinnelege songaren i si tid.[1][2] Ho er best kjend for sin coverversjon av Doris Day-låten «Secret Love» og for å ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest i 1965, der ho kom på andreplass med låten «I Belong».[3] Utsjånaden og det blonde håret gjorde at ho fleire gongar vart samanlikna med Marilyn Monroe.[4] Populariteten til Kirby nådde toppen i 1960-åra, då ho var ein av dei mest kjende og verdsette personlegdommane i britisk underhaldingsliv.[1]
Kirby hadde ei skolert og kraftig røyst, og gjennom framsyningar på fleire tv-program oppnådde ho stor popularitet og fekk fleire topp ti-hitar i Storbritannia.[5] Ho vart også kåra til den beste britiske songaren av musikkmagasinet New Musical Express.[1] Men mot slutten av 1960-åra dala karrieren hennar, og i 1983 trekte ho seg heilt tilbake frå artistlivet og budde i South Kensington i London.[4]
Diskografi
Album
- 1963 – Kathy Kirby Sings 16 Hits From Stars And Garters
- 1966 – Make Someone Happy
- 1968 – My Thanks to You
Singler
- 1963 – «Dance On!»
- 1963 – «Secret Love»
- 1964 – «Let Me Go, Lover!»
- 1964 – «You're the One»
- 1965 – «I Belong»
Kjelder
Bakgrunnsstoff