Allereie den første boka hennar, Under the Window (1879), ei samling enkle, idylliske vers om barn, blei ein bestseljar. Kate Greenaway var aktiv i arts and crafts-rørsla, og barnefigurane i illustrasjonane hennes, «Kate Greenaway-barn», blei teikna med romantiserte og nostalgiskebarneklede frå tidleg på 1800-talet, det vil seia empireinspirerte kjolar med høgt liv, forklekjolar og kysehattar for jentene, skeleton suit (tvidelt guttedrakt av overdel knept saman med bukser med høgt liv) og kittel (serk) for gutane. Teikningane hennar var elles utførte i den detaljerte og dekorative stilen frå samtida. Illustrasjonar til Greenaway blei reproduserte som fargexylografi, altså som fine, handskorne tresnitt.
Kate Greenaway-medaljen er ein britisk litteraturpris som er oppkalla etter henne. Denne blei skipa i 1955 og blir delt ut kvart år til ein prisverdig barnebokillustratør.