Karun-4-demninga er ein bogedam over Karun som ligg 180 km sørvest for Shahr-e-Kord i provinsen Chaharmahal og Bakhtiari i Iran.[2] Karun har den største vassføringa av alle elvane i Iran.[3] Demninga vart bygd for vasskraftverket, som gir 2,1 GWh årleg og kontrollerar flaum i øvre Karun.
Demninga er av betong og er 230 meter høg frå fundamentet.[2] Reservoaret bak demninga har ei yte på 29 km² og ein kapasitet på 2.19 km³.[4]
Bygginga byrja i 1997 og kraftverket byrja å produsere elektrisitet i november 2010.[5][6]
Kjelder
Bakgrunnsstoff