Kari Frisell (fødd 20. august 1922) er ein norsk operasongar og songpedagog.
Frisell studerte med Mimi Hviid i Oslo, Ernst Tempele i Wien, Florence Barbour i New York.
Ho debuterte som Micaela i Carmen (1946).[1] Same året var ho med i den svenske filmen Vi vil leve som Ruth. Ho var tilsett ved Den Norske Opera frå starten og verka i elleve år (1958–69), før ho gjekk over til frilansarbeid, mellom anna for Fjernsynsteatret. I tillegg til dette gjesta ho mellom anna Det Kongelige Teater i København (1963).
Ho arbeidde ved Norges musikkhøgskole som lektor og førsteamanuensis (opprykk 1973).
Kari Frisell var gift med målaren Jan Thomas Njerve og bur på Ekely.
Utgjevingar
Premiar
Kjelder