Kardítsa har skular, latinskular og gymnas. Her ligg veterinærinstituttet til Thessalía universitet, kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein togstasjon langs Tríkala-Kardítsa-Domokós-linja. Kardítsa er ein av dei mest syklistvenlege byane i Hellas med mange sykkelstiar. Om lag 30 % av all transport i byen skjer på sykkel.
Historie
Kardítsa var den første byen i Europa som vart frigjeve frå nazistane sin okkupasjon under den andre verdskrigen. Felttoget i Thessalía vart utkjempa av ELAS (gresk Ελληνικός Λαϊκός Απελευθερωτικός Στρατός, Ellinikós Laikós Apelevtherotikós Stratós), eller Det greske folkets frigjeringshær, den militære avdelinga til den venstreorienterte Nasjonal Frigjeringsfront (EAM).
Administrativ inndeling
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 55 979 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kardítsa hadde 44 700 og tettstaden med same namn 38 999 innbyggjarar.[1]