Árta (gresk Άρτα) er ein by og ein kommune i periferieiningamed same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.
Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.
Historie
Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakía vart grunnlagd av korintarane på 600-talet fvt.
I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakía til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakía ein del av Romarriket og provinsen Ípiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Árta før 1082.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 41 600 innbyggjarar, medan kommunaleininga Árta hadde 26 999 og tettstaden med same namn 21 798 innbyggjarar.[1]