1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Kalandsvatnet er den største innsjøen i Bergen kommune. Han er kjent for det rike fuglelivet, og ein del av vatnet - Kalandsvika i søraust - vart verna som naturreservat i 1995.
Osbanen sin trasé gjekk langs sørsida av Kalandsvatnet, og store delar av denne traseen er i dag gang- og sykkelveg.
Området rundt Kalandsvatnet vart i eldre tider kalla Vassherred og til 1900-talet kjend under namnet Vassare.[1]