Kafr Nabl (arabisk كفرنبل, òg skrive Kafranbel eller Kafr Nabil) er ein by som administrativt høyrer til Idlib guvernement og Ma'arrat al-Numan-distriktet nordvest i Syria. Han ligg 735 meter over havet. I 2004 hadde Kafr Nabl eit folketal på 15 455.[1] Kafr Nabl ligg over ein eldgamal bysantinsk daudeby, og er omgjeve av somme av dei viktigaste Daudebyane, som Serjilla, Shanshrah, og al-Bara.[2]
Kafr Nabl er den største produsenten i Syria av fiken og ein storprodusent av oliven. Kring 3 700 hektar, eller 778 000 tre vert nytta i fikendyrkinga. Kring 60 % av innbyggjarane er tilsett i produksjonen og handsaminga av frukt. Bøndene i Kafr Nabl nyttar kring 80 % av tida si til fiken og 20 % til oliven.[3]
Sidan den syriske borgarkrigen har byen vorte kjend for å produsere satiriske videoar om krigen.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff