Kadarim (hebraisk skrift קַדָּרִים, tyder Pottemakarar) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Maghar, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Landsbyen vart grunnlagd i 1980 nær fjellet Kadarim, som vart kalla opp etter pottemakarane i landsbyen Hananiah. Dei var kjend for keramikken sin i Talmud-tida. Fordi det låg eit steinbrot på den første staden, vart kibbutzen flytta til den noverande staden i 1987.
Somme meiner at Habakkuk er gravlagd nær Kadarim,[1] medan andre meiner gravstaden hans er nær Hokuk eller ved Toyserkan i Iran.
Kjelder